Kva omfattar tenesta?
Gjeld datalinjer og kommunikasjonsutstyr som vert drifta av Nordfjordnett inkludert sikkerheit i løysingane. Inkluderer også trådlause løysingar.
Døme datalinjer: Nordfjordfiberen, kommunal fiber og radiolinje.
Døme kommunikasjonsutstyr: Brannmurar, ruterar, svitsjar, og trådlause aksesspunkt.
Nordfjordfiberen (fram til rådhusa) er nytta av alle kommunane i samarbeidet. IKT Nordfjord har avtale om beredskap med vald underleverandør for å sikre tilfredsstillande og effektiv funksjonalitet. Kommunane har opsjon på å nytte same avtale for eigen fiber.
Tenesta omfattar alle naudsynte aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift av i samsvar med avtalte kvalitetskrav:
- Nordfjordfiberen går frå driftssenteret og fram til kvart rådhus.
- Handtering av førespurnader om feil og problem frå brukarane.
- Drift, som omfattar overvaking, sikring av tilgjenge og kapasitet, oppfølging og retting av feil.
- Bistå ved avtale og beredskap med ekstern leverandør.
- Innføring av kvalitetssikra endringar.
- Oppfølging i samband med driftsansvar mot leverandørar samt andre ansvarlege hjå både eininga og i Nordfjordnett.
Tenesta omfattar ikkje:
- Beredskap på kommunal fiber frå rådhusa til ytre einingar (lokasjonar).
- Kabling i bygg.
- Fysisk montering av trådlaust utstyr (aksesspunkt) og dataskap.
Korleis vert tenesta levert?
- Overvaking av teknisk infrastruktur ved hjelp av overvakingssystem som rapporterer feil eller varslar i høve til terskelverdiar.
- Fast årleg sjekking av Nordfjordfiberen på landtak og viktige knutepunkt for å oppdage feil eller moglege problem så tidleg som råd.
- Handtering av førespurnad, feil og problem. Feilretting skjer innan fristar som er i samsvar med prioritering på saka.
- Proaktiv oppfølging for å sikre tilgjenge og kapasitet i samsvar med verksemda sitt planlagde behov.
- Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert innført kontrollert og utan driftsfeil (gjeld ikkje funksjonelle feil).
- Kontakt med evt. leverandør(ar) for å følgje opp deira leveransar og følgje med i utviklinga innan plattforma/løysinga.
- Sikring av at Nordfjordnett har naudsynte og kompetente ressursar i høve til løysinga sitt verksemdskritiske nivå.
- Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige og tryggleiksmessige krav vert godt ivaretekne, og meir langsiktige forbetringar førebudd.
- Oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.
Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?
Førespurnader om feil og problem skal komme inn via Brukarhjelp.