Vere kontaktperson mot IKT Nordfjord og Nordfjordnett. IKT-koordinator skal:
Gjere seg kjend med og halde seg til inngåtte avtalar legg.
Gjere seg kjend med tilgjengelege tenester, og vere aktiv i arbeidet med å utvikle nye tenester i samarbeid med fagnettverka, andre IKT-koordinatorar og IKT Nordfjord.
Kontakte dagleg leiar i IKT Nordfjord i saker som gjeld tenestavtala.
Sørgje for at IKT Nordfjord sitt tekniske personell blir gjeve naudsynt autorisasjon og tilgjenge til kommunen sine lokale.
Skal sjå til at eigne tilsette er gjort kjende med og følgjer gjevne retningslinjer, slik desse er gitt i kommunen sitt IKT-reglement.
Med praktisk hjelp frå IKT Nordfjord samarbeide om kommunane sine lisensavtalar.
Samarbeide med faggruppene om deira ønskjer og behov.
Samarbeide med IKT Nordfjord og IKT-bestillarar om ajourhald av brukarkonti og tilgjenge.
Ha samarbeid med kommunen sin IKT-tryggingsansvarlege som vil medverke i tryggleiksarbeidet som vert omtala i tenesteavtalen. Tryggingsansvarleg vert utnemnd av kommunaldirektør.
Medverke til val og innkjøp av IKT-utstyr og programvare for kommunen i samarbeid med IKT Nordfjord.
Generelt medverke til at IKT-tenestene og -utstyret fungerer og vert nytta på ein tilfredsstillande måte.
Halde fullmaktslister for bestilling av brukartilgangar og IKT-utstyr oppdaterte.
Hjelpe IKT Nordfjord og følgje opp brukarar i høve til innmeldte saker der fjerndrift ikkje er mogleg eller der dette er mest praktisk.
Vere IKT Nordfjord sitt lokale kontaktpunkt ved større endringar og feil.
Bruke støtteverktøy (t.d. sakssystem og samhandlingssystem) som IKT Nordfjord gjer tilgjengeleg for god brukaroppfølging.
Montere og bytte IKT-utstyr som t.d. PC, skrivar, skjerm, tastatur, mus, trådlaust aksesspunkt m.m.
Ta seg av retur av varer og bestilling av ekstern garantiservice.
Ta omstart på sentralt IKT-utstyr etter anvising frå IKT Nordfjord.
Kartlegging av lokasjonar, IKT-utstyr og brukarar etter på førespurnad frå IKT Nordfjord.
Medverke til grunnleggande IKT-rettleiing og -trygging i eigen kommune.
Sjå til at dører til sentralt utstyr er låste og inspisere romma med jamne mellomrom ift. temperatur og varsellampar.
Retur av utrangert utstyr i samsvar med leverandøravtale.
Etter dialog med IKT Nordfjord varsle budsjettansvarleg i høve utskifting av utstyr.
Administrativt ansvarleg for eit fagsystem i ein kommune.
Dagleg ansvar for å oppfylle plikter som behandlingsansvarleg på vegne av rådmannen/kommunedirektør jfr. Personopplysningslova og retningslinjer for IKT-tryggleik.
Ansvar for å utnemne fagsystemansvarleg.
Overordna ansvar for å gje brukarar naudsynt opplæring i systemet.
Mynde til å bestille tilbakeføring/recovery av data tilhøyrande fagsystemet.
Ansvar for best mulig utnyttelse/bruk av systemet.
Har ansvar for å etablere og dokumentere rutinar som er nødvendige i forhold til bruk av systemet.
Har ansvar for å etablere og dokumentere rutinar for sikker tenesteyting ved mellombels systembortfall.
Har ansvar for å etablere og dokumentere system for vedlikehald og tildeling av brukartilgangar.
Tilfredsstillande funksjonalitet, stabilitet og sikkerheit i samsvar med føremålet med løysninga inkl. grensesnittet mot andre løysingar/system.
Evt. lovmessige pålegg som krevst for løysinga.
At naudsame ansvarsroller for brukarstøtte, drift og endring er etablert.
Halde kontroll med risikovurderingar og system for avvikshandsaming, ta initiativ til revisjon av sikringsarbeidet og førebu gjennomgang av sikringsarbeidet for kommuneleiinga.
Organisere opplæring av dei tilsette i IKT-tryggleik.
Rapportere avvik og andre viktige tryggleikstilhøve til IKT Nordfjord.
IKT Nordfjord sitt kontaktledd i tryggleikssaker.
Samarbeide med IKT Nordfjord i samband med revisjonar frå Datatilsynet.
Sjå til at IKT Nordfjord sine tenester tilfredsstiller krava i lokal tryggingsplan.
Ansvar for implementering av utarbeidde tryggleiksrutinar i egen kommune.
Ansvar for integrering av tryggleiksrutinar elles i kommunen sitt kvalitetsarbeid.
Samhandle med personvernombud om avvik knytt til lov om handsaming av personopplysningar (personvernopplysingslova).