Kva omfattar tenesta?
Automatisering av brukartilgangar (ny/endre/slett) ved hjelp av systemintegrasjonar og sjølvaktiveringsportal.
Tenesta omfattar:
- Etablering av integrasjonar
- Tilpassing av integrasjonar
- Feilretting av integrasjonar
- Manuell utføring av tilgangar for særskilte roller.
Tenesta omfattar ikkje:
- Tilgangar i fagsystem der integrasjon ikkje er etablert, dette gjerast av fagsystemansvarlege i kommunane.
Korleis vert tenesta levert?
- Integrasjonar blir etablert i samband med prosjekt for etablering av nye tenester.
- Tilpassingar blir utført etter bestilling og behov frå kommunane.
- HR-system er masterdata for tilsette
- Administrativt skulesystem er masterdata for elevar
- Brukarane aktiverer seg sjølve i sjølvaktiveringsportal https://passord.nordfjordnett.no
- NFN sender automatisk informasjon til tenesteleiar om nytilsetting som dei må melde vidare til fagsystemansvarlege etter gjeldande rutine i si kommune.
- For særskilte tilgangar meldast dette til Brukarhjelp på http://brukarhjelp eller e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no om ny, endring eller sletting av ein tilgang.
Kva kvalitetskrav skal gjelde?
- Sjå vedlegg for verdiar som er avtalt i den enkelte integrasjon for terskelverdiar.
Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?
- Før NFN kan handtere identitetsstyring må tilsettingsinformasjon vere ført i HR-system.
- Data i HR systema må være korrekte.