Kva omfattar tenesta?
Gjeld alle applikasjonar/fagsystem som vert drifta/levert av Nordfjordnett. Applikasjonane kan leverast som eiga eller ekstern skyteneste.
Tenesta omfattar alle naudsynte aktivitetar for å sikre stabil og effektiv drift samt tilfredsstillande funksjonalitet (oppgraderingar).
Tenesta omfattar:
- Handtering av førespurnader om feil og problem frå brukarane.
- Drift, som omfattar overvaking, sikring av tilgjenge og kapasitet, oppfølging og retting av systemfeil.
- Serverdrift og databaseadministrasjon.
- Backup av data:
- Sentralt lagra hjå Nordfjordnett på ein sikker måte for å kunne gjenopprette ved evt. datafeil. Backup vert teke dagleg.
- Skytenester blir duplisert etter gjeldande standard. 30 dagar på e-post og 90 dagar på SharePoint/OneDrive. - Sikring av naudsynt tryggleikskopiering.
- Tryggleik ved både tilgang og stabilitet.
- Oppfølging i samband med driftsansvar mot leverandørar samt andre ansvarlege hjå både einingar og i Nordfjordnett.
- Endringshandtering på applikasjonar og integrasjonar.
- Sikring av tilgjenge og kapasitet mot applikasjonar og databasar.
- Oppgraderingar til nye versjonar.
- Bistå med oppfølging av avtalar mot leverandørar.
- Proaktiv rådgjeving til systemeigar og einingar som nyttar applikasjonane.
- Avklaring av tryggleiken i applikasjonen med systemeigar.
Tenesta omfattar ikkje:
- Rettleiing i bruken av applikasjonane.
- Tilgangsstyring inne i applikasjonane.
Korleis vert tenesta levert?
- Overvaking av teknisk infrastruktur og applikasjon ved hjelp av overvakingssystem som rapporterer feil eller varslar i høve til terskelverdiar.
- Lagring av data (backup) på ein sikker måte for å kunne gjenopprette ved evt. datafeil. Data vert lagra i samsvar med gjeldande lover og reglar.
- Fast sjekking av driftsloggar for å oppdage feil eller moglege problem så tidleg som råd.
- Handtering av førespurnad, feil og problem. Feilretting skjer innan fristar i samsvar med prioritering på saka.
- Aktiv oppfølging mot kommunen for å sikre tilgang og kapasitet i samsvar med verksemda sitt planlagde behov.
- Sikring mot avbrot i samsvar med avtalte kvalitetskrav.
- Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert innført kontrollert og utan driftsfeil (gjeld ikkje funksjonelle feil).
- Sikring av tilgang i samsvar med autorisasjon internt og mot uautorisert tilgang utanfrå.
- Kontakt med leverandør(ar) for å følgje opp deira leveransar og følgje med i den tekniske utviklinga innan plattforma/løysinga, kommunane har ansvar for den faglege utviklinga.
- Sikring av at Nordfjordnett har naudsynte og kompetente ressursar i samsvar med avtalte kvalitetskrav og løysinga sitt verksemdskritiske nivå.
- Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige og tryggingsmessige krav vert godt ivaretekne, og meir langsiktige forbetringar førebudd.
- Medverke i oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.
- Administrasjon av definerte lisensar for å halde oversikt over kven som har tilgang, ledige lisensar samt evt. skaffe nye ved behov.
- Oppgradering av nye versjonar i nært samarbeid med applikasjonseigar, leverandør og applikasjonsbrukarar.
Kva kvalitetskrav skal gjelde?
- Kapasitet (teknisk responstid, transaksjonshastigheit og lagringsplass) i samsvar med avtalte kvalitetskrav for den aktuelle applikasjon.
- Feilretting innan fristar i samsvar med prioritering av saka.
Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?
- Førespurnader om feil og problem skal komme inn via Brukarhjelp.
- Brukarane nyttar applikasjonen som føresett og følgjer drifts- og tryggleiksmessige pålegg.
- Applikasjonseigar melder om endringar i driftsmønster eller andre relevante tilhøve relatert til effektiv og rett forvalting.
- Eininga (kontaktperson(ar)) rapporterer større endringar eller spesielle avvik til brukarstøtte.
- Eininga sitt utstyr følgjer den generelle standarden.