Kva omfattar tenesta?
Tenesta omfattar anna utstyr som er kopla opp i nettverk som krev tilpassa løysingar. Utstyret skal kjøpast inn i samråd med Nordfjordnett.
Døme: Ventilasjonsanlegg , velferdsteknologi, betalingsterminalar, interaktiv tavle, Smart TV, overvakingsutstyr(kamera), tilgangssystem (lås), informasjonsterminalar, videokonferanseutstyr, trådlaus skjermdeling, strøymetenester (KommuneTV) og IoT.
Tenesta omfattar:
- Nett-tilkopling av utstyret.
- Handtering av feil/problem i samband med nett-tilkopling.
- Tryggleik ved både tilgang og stabilitet.
- Kontakt med ekstern(e) leverandør(ar).
- Oppfølging med ansvarlege hjå eining og leverandør i samband med nett-tilkopling.
- Bistå ved oppfølging av support-/vedlikehaldsavtale med leverandør.
- Koordinering ved endringar/oppdateringar.
Tenesta omfattar ikkje:
- Fysisk montering av utstyr.
- Rettleiing i bruken av utstyret.
- Fastvareoppdateringar
Avgrensa støtte for:
- Privat IKT-utstyr for bebuarar på kommunale institusjonar. Sjå eiga rutine på dette.
Korleis vert tenesta levert?
- Førespurnader vert motteke via Brukahjelp på http://brukarhjelp, e-post brukarhjelp@nordfjordnett.no eller telefon 95 00 6015. Ved bestilling av nett-tilkopling må ein huske og registrere opplysingar om type utstyr, og kvar det skal koplast.
- Utstyr vert innkjøpt av den einskilde eining/kommune i samråd med Nordfjordnett og på gjeldande innkjøpsavtale.
- Konfigurering av utstyr vert gjort av Nordfjordnett i samarbeid med leverandør.
- Handtering av feil og retting hjå leverandør innan gjeldande fristar.
- Aktiv oppfølging for å sikre tilgang og kapasitet i samsvar med kommunane sine behov.
- Testing og godkjenning av endringar slik at desse vert gjennomført og kontrollert utan feilsituasjonar etterpå.
- Sikring av nett-tilgang i samsvar med autorisasjon internt og mot uautorisert tilgang utanfrå.
- Kontakt med leverandør(ar) for å følgje opp leveransane deira, og følgje med i utviklinga innan plattforma/løysinga.
- Generell oppfølging for å sikre at driftsmessige, funksjonelle og tryggleiksmessige krav vert i vareteke.
Kva kvalitetskrav skal gjelde?
- Installasjonen skal gjennomførast i samsvar med avtale.
- Feilretting innan gitte fristar i samsvar med prioritet av saka.
Kva føresetnadar gjeld for kvalitetskrava?
- Installasjon og tidspunkt vert avtalt i kvart tilfelle.
- Førespurnader om feilretting og problem skal kome inn via Brukarhjelp.
- Brukarane nyttar systemet som føresett og følgjer drifts- og tryggleiksmessige rutinar.
- Eininga sitt utstyr må være godkjent av Nordfjordnett før dette vert kopla til nettverket.